fredag 20. juni 2008

Ut av skapet

Etter å ha hatt ein "skjult" profil ganske lenge har eg funne ut at det kanskje er best å kome ut av skapet: Ja, eg er på Facebook!

tirsdag 20. mai 2008

Endå ei ven jente opptatt

Javel, då er det offisielt. Jenta under, Åse, har fått seg type!
Og nei, typen er ikkje underteiknande, men typen under:) Ordspel- morosamt!


Gratulerer til dykk begge. Mange gler seg med dykk:)

mandag 19. mai 2008

17. mai, 1814 og de...

OK! Etter mas og førespørslar frå ymse hald, også kommentarar på sist innlegg, skal eg leggje ut nokre bileter frå 17. mai. Dagen byrja fantastisk med frokost i Ishallsveien 16. SM hadde handla inn og innvitert to flotte jenter til å starte dagen i lag med oss. Me stod opp kl. 9 og laga i stand eggerøre og det som skulle til. Anne Lene og Karianne kom kl. 10.15., eit kvarter etter avtalt. Grunnen til det var at Karianne sat seg fast i den sort trafikkkork som er på 17. mai - bornetog.



Som seg hør og bør på ein 17. mai diska SM opp med champis og jordbær. Sjølv om champissen eigentleg var alkoholfri pærecider slo det godt an. Gentlemann som eg er stod eg for skjenkinga...


Hurra for Noreg!



I Salem møtte eg Liv Jorunn, som skal flytte frå Bergen til Stavanger. Godt ho har tatt til vit. Dagen vart avslutta med møte i same forsamling, kor underteiknande hadde andakten.

Som den patrioten eg er vil eg slutte av med å sitere Elias Blix og hans fyrste vers av Fedrelandssalma:

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma.

fredag 25. april 2008

Dårleg dag på jobben...

Etter at eg i går hadde ein strålande dag på masterfronten måtte jo sjølvsagt livet gi meg ein på trynet i dag. I går produserte eg omlag 1200 ord og gjekk gla og nøgd frå kontoret kl.15.00. Til no i dag har eg skreve tre setningar, som er så dårlege at eg sikkert endar opp med å slette dei likevel. Og eg som trudde eg var i seget...


I desperasjon grip eg fatt i min gode ven ''Statoil-koppen'', som sjølvsagt var tom. Denne stålvenen min som har vore min trufaste følgjesvein i mange km. Eit heilt år fekk den stå ved mi side, seint som tidleg. Heilt til Statoil fann ut at den ikkje var god nok lengre. Så i staden for å la den abdisere har eg tatt den med meg til kontoret for at den kan få tilbringe sine siste dagar i eit litt mindre bråkete miljø. For på kontoret har eg ikkje stereoanlegg, noko som tyder lite ''Stryper''. Eg småspring opp trappa, seier hallo til nokre kollegaer på vegen og entrar matsalen. Til stor glede og jubel har Kristine just laga ny kaffi. Puh... Flaks!



Eg loffar ned til kontoret igjen. Seier hallo til nokre kollegaer. Ler falskt av ein dårleg vits (skal ikkje sei kven som fortalde den) og lukkar opp døra til kontoret mitt. Eg kjenner berre korleis mismotet tek tak i meg. Som ein kald og gufsen nordavind, som ikkje har andre gleder i livet å fryde seg over enn skadefryd. Synet som møter meg er ikkje til å skildra. Flaks eg har kamera:

tirsdag 15. april 2008

Flaks, uflaks og hell i uhell...

Mor mi sa ein gong til meg noko som er ganske skildrande for korleis livet møter eg. Ho sa: Georg, du har aldri i ditt liv hatt flaks du. Det einaste du har hatt som kan kallast flaks er hell i uhell. Eg trur ho sa dette etter at eg hadde "krasja" bilen (den gamle Ford Escorten) på veg heim frå Oslo. Kollisjonen var ikkje verre enn at eg måtte skifte ei lykt framme til høgre.


video


No har det altså skjedd igjen; nok ein gong har eg hatt hell i uhell. Når me skulle reise til Indonesia for mest to månader sidan blei det mykje tull med det eine flyselskapet. Dei booka oss om i hytt og pine, noko som førte til at reisa vår ikkje blei slik me heilt hadde tenkt i utgangspunktet. Så i går får eg høyre: Flyselskapet er no konkurs! Godt det ikkje skjedde to veker tidlegare tenkte eg, då hadde me vore stuck i Hong Kong! Nok ein gong; hell i uhell.


http://www.oasishongkong.com/

søndag 13. april 2008

JADA!!!!


Så sinnsykt konge at Viking vant i dag. Eg og pappa var på stadion, og ja; me lagde liv...

Dommaren var sykt dårleg, men det gjekk begge vegar.

mandag 7. april 2008

For eit lag!!!


Korleis kan det skje at ein gullkandidat tapar mot Ham-Kam?!?! Det var flaut å sjå kampen i går. Viking sprang mellom som juniorgutar som spelar ''gris'' med A-laget...